torsdag 15. oktober 2009

Middelaldaren

Dei verdiane eg fann i dei tekstane eg har lest om mellomalderen er at vi finn ut korleis dei levde før, korleis vi har utvikla oss frå mellomalderen til no. Og vi kan lære nye ting ved å lese om mellomalderen, fordi dei gjorde ting annleis enn slik vi gjer ting i dag. Vi kan også lære av dårlege ting dei heldt på med, for eksempel var dei veldig brutale og hadde lite å seie om dei drap nokon. Av dette har vi lært at vi er ikkje så brutale no til dags, som folk var for mange, mange år sidan.

Det var litt vanskeleg og jobbe med wikien. Du blei veldig forvirra til tider og visste ikkje heilt kva du skulle gjere, men det er kanskje fordi dette er noko heilt nytt for oss. Neste gong går det kanskje betre. Vi mangla også ein mann på framføringa og det gjorde det ekstra vanskeleg for oss når wikien ikkje var heilt ferdig. Kan gjerne jobbe med dette enda ein gong, då går det kanskje betre fordi no er vi litt betre kjende med å jobbe på denne måten.

1 kommentar:

Arne Reidar Hæåk sa...

Du skriv god nynorsk. Det var godt du ikkje blei avskremt frå å arbeide meir med wiki. Eg skjøner problemet med at ein ikkje var der på framføringa